Eg fekk melding om at harddisken var full, og rydda unna det eg kunne. Eit par dagar seinare var harddisken på ny full. Då var det tid for jakt. Eg måtte finna ut kva det var som stakk av med all harddiskplassen min:
- JDiskReport er verdens beste program til å identifisera store filer
Programmet fins både for Windows og Mac.
Etter installasjon skannar du harddisken og startar å bla (i kakediagram).
Klikk på den delen som er størst til du kjem fram til problemet.
Hos meg viste deg seg at Mozilla Firefox hadde lagra 2500 filer med totalt 23 GB med data i den her mappa:
- C:\Users\User\AppData\Roaming\Mozilla\Firefox\Profiles\slhwa14k.default
Dette er det jo berre å sletta.
Årsaka til at sånt kan skje, er nok at eg har brukt alfa- og beta-utgåver av Mozilla sin komande Firefox.
Uansett er det kjekt å ha tilgang til såpass gode program som JDiskReport!
Fleire program og tips fins på Dinside.no
Kommentarar
Genialt! Hadde ingen feil, men fekk ein kjapp oversikt over kva eg har lagra. Digg med eit spark bak så eg fekk slette!
Herdis (2009) var tydelegvis smartare enn Herdis (2012) for no er eg full i filer som fyller harddisken an mass. Og mens eg venter på skyen som løyser diskmangel i framtida, så innstallerer eg JDiskReport på nytt. Takk igjen!
EDIT: bortsett frå at mac ikkje lenger støtta pc-programmer (stod det i feilmeldinga).
Nye vetrsjonar av Mac OS X Lion har ein enkel variant av dette innebygd:
JDiskReport v1.3.2 for Mac OS X er eit PowerPC-program. Det er ganske lenge siden Apple endra frå PowerPC til Intel-prosessor i maskinene sine, og i nyare utgåver av Mac OS X har Apple fjerna støtten for gamle PowerPC-program.
Løysinga er å bruka Java-utgåva av JDiskReport.
Den fungerer fint både på Mac OS X og under Windows (så lenge du har installert Java).
Mulig eg bråhasta, men fekk tips om CleanMyMac og DaisyDisk og det var utruleg bra. Fekk plutseleg kvitta meg med gigantmailer som hadde loopa seg på gjenoppretting på sånn ca over 40 Gb,