2 GB gratis nettbasert backup

Mozy

Alle treng reservekopiering av viktige filer. Vi brukar CDar og DVDar, eksterne harddiskar og minnepinnar. Problemet med reservekopiering er at vi ikkje orkar å kopiera alt, heile tida.

Mozy løyser dette på ein genial måte. Det lille programmet legg seg i meldingsfeltet ved sida av klokka, og kopierer filene dine på ein trygg måte til Mozy sine backup-servere.

Så lenge du held deg under 2 GB er Mozy gratis.
Treng du meir enn 2 GB er prisen $4.95 per månad.
Då får du til alt overmål ubegrensa lagringsplass.

Programmet fins både for Windows og Mac, og kan lastast ned her:

Sjølv held eg meg under 2 GB-grensa, og trivs godt med det. Alt av filmklypp, musikk og bilete held eg utanom Mozy. Resten av dokument, rekneark, favorittar, etc. blir kontiunerleg teke reservekopi av til Mozy. Veldig nyttig, veldig enkelt og ganske gratis :-)

Annonse