Brenn det meste til DVD og CD

DVD Decrypter i aksjon

Ofte har eg ei ISO, BIN eller NRG-fil som må brennast til CD eller DVD. Dette er filer som rommar heile CDen eller DVDen, men som er lagra i ei sjølvstendig fil. Windows har begrensa støtte for å brenna denne type filer, og maskina eg tilfeldigvis sit framfor manglar som oftast Nero Burning Rom eller tilsvarande godt brenneprogram.

Det fins mengder av måtar å løysa utfordringa på.
Mange likar løysingar som mountar image-fila til ein virtuell CD-/DVD-stasjon, for så å ta Disc Copy frå stasjon til stasjon.
Du bør også veta at fleire av gratisløysingane som du finn via Google kjem med spyware.

Dei gamle er ofte elst: DVD Decrypter er ein gamal slitar som fungerer utmerka til dette.

Programmet er superlite og fungerer fint i Vista (også 64-bits Vista).
Etter at du startar opp programmet, trykker du på w-tasten på tastaturet ditt (Mode → ISO → Write).
Bla til image-fila og brenn i veg.

Vist 94 gonger. Følgt av 1 person.
Annonse