
Eg må innrømma at eg nesten aldri brukar Microsoft Offic lenger. Word, Excel eller Powerpoint vert sjeldnare og sjeldnare starta opp. Årsaka er at eg får gjort det eg vil ha gjort på web.
Google har ein office-pakke på web som heiter Google Docs.
Den er gankse så bra.
Det beste med Google Docs er samtidig samarbeid på dokument og rekneark. Eg deler dokumentet med andre (gjerne i ei gruppa) og får hjelp med å ferdigstilla og oppdatera dokumentet i sanntid.
Om ein i gruppa ikkje lenger skal ha tilgang, fjerner eg brukaren frå gruppa og vips så mister vedkomande tilgang til alle dokumenta.
Om du vil testa ut kva Google Docs kan, skal du prøva den her:
Du gjer endringar, du deler dokument-adressa med andre og ser korleis dei kan gjer endringar samstundes med deg. Du får demonstrert desse tenestene:
Kommentarar
Eg og digger det. Aberet er å jobbe i ein organisasjon som krev office, og som berre distribuerer dokument via office. Sitter no på andre dagen på innstallasjon etter å ha venta sidan november for å få lisens til å innstallere programmet. Det er jo heilt sjukt.
Enkle Office-filer kan opnast eller visast i Google Docs.
Evt. kunne verksemda innsett at det var opne dokument-format som gjaldt. Då kunne brukarane bruka libreoffice.org (tidlegare OpenOffice.org) og andre frie program.
PDF er jo også ein klassikar, mtp. å spre informasjon til tilsette. (-: