
Alle kjenner til Google Maps ja?
..for før brukte eg programmet Google Earth, men no er den litt forenkla web-baserte utgåva av Google Earth blitt så bra, at eg så godt som berre brukar Google Maps. Der får eg raskt vete kor langt det er til ulike stadar (med bil), eg ser høgdeforksjeldar i terenget, Street View, lagar eigne kart som visar alle mogelege ting, osb, osb, osb.
No har Google lansert ein Labs-del til Google Maps. Inne på Google Maps Labs kan du testa ut ulike funksjonar som er under utvikling. Mangen av funksjonane er nyttige, mens andre er meir underhaldande. Labs-funksjonen “Where in the World Game” er både nyttig (fordi du lærer) og underhaldande:
No skal du kunne klikka på linken “Where in the World Game”, rett oppforbi kartet på google Maps.
Kommentarar
Når eg klikka på linken – fekk eg opp ei side på norsk: Då vart det Hvor i all verden-spillet – Aktiver – og lagre endringer (ikkje for å kverrulere – men…) Kvifor får eg opp ei side på norsk (innstillingar på datamaskina??)
Elles so likar eg engelsk beire – f.eks ved videoredigering…..