![ScreenClip [8]](http://media3.origo.no/-/cache/image/1428561_hbc4646abea7afaa8f80d_v1277818552_250x450.png)
Alle filer du ikkje vil mista, må reservekopierast til ein eller fleire stadar. Harddisken i datamaskina di kjem garantert til å ryka. Då gjeld det å ha kopi av alt det viktiga.
Eg har sjølv ein ekstern harddisk på 1 TB frå Western Digital og er godt nøgd. Disken treng ingen straum (utover det den får frå USB-porten i datamaskina), og kjem med programvare for automatisk backup til- og kryptering av, harddisken.
Enkelte på Internett mislikar programvaren og det fins måtar å fjerna den på på, men hos meg fungerer det fint. Veldig greit å vete at alle data på harddisken er kryptert, i tilfelle eg mister den.
Hovudfordelen med med medfølgande krypteringsprogramvaren på disken, er at den gjer alt automatisk. Passordet for dekryptering og tilgang, vert lagra i datamaskina di. Når du koplar ho til, kjem stasjonen rett opp i Mac OS X eller Windows.
Koplar du disken til ein ny maskin, blir du bedt om å installera programvaren og tasta inn passordet. Tjuven kan alltids sletta alt på disken, for så å bruka den, men dine data kom såfall ikkje på avvege.
Kommentarar
Virker litt dumt å (bare) basere seg på at kryptering og passord lagres på maskinen din, hvis poenget er at den eksterne disken skal redde deg når (harddisken på) maskinen kræsjer ;.)
Neida, du når filene uansett (så lenge du har passordet). Kluet er at du slepp å skriva det inn, kvar gong du pluggar disken til maskina som er “autentisert”.
Men dette blir ein digresjon som ikkje må få komma i vegen for at folk må reservekopiera filene sine!
Helt klart. Det kan være en veldig dyr lærepenge om man må ta den på etterskudd :)