Når du er innlogga på www.facebook.com kan du prata direkte via chat eller direktemelding som det vist nok heiter på norsk. No er det blitt enkelt å dra chaten ut av Facebook, så slepp å ha web-sida oppe heile tida.
Facebook har laga ei side med hjelp og informasjon:
Du kan bruka ulike dataprogram til dette, men eg syns Pidgin er best, fordi den er såpass enkel. Her er ei lista:
Du kan også bruka andre program, så lenge programmet støttar XMPP eller Jabber.
Kommentarar
Supert. It’s dønn. Så får vi sjå om det er verdt å kunne chatte med så mange av dei fjesbokvennene!
Edit: etter 10 min merker eg at det er veldig mange som logger seg av og på. Det er ikkje sikkert det er så god idé å chatte med disse folkene, tenker eg. Eller kanskje eg skal bruka chat som unnskyldning til å kvitte meg med nokre venner?!
Jeg bruker også Adium. Fin den, men det er en ting jeg lurer på – hvordan får jeg bort info når folk logger seg på?
Macen er heime, og eg er på jobb.. så med fare for å ta feil, svarer eg:
Det er ikkje Adium som kjem inn å seir at den og den har logga på.
Det er Growl som gjer dette.
Gå til systemval og klikk på Growl-ikonet. Der kan du sei korleis Growl skal varsla pålogga kontaktar i Adium.
PS! Growl kan også varsla om ny epost, kva sang iTunes starta å spela, innkomande Twitter-melding, filoverføring som blei ferdig,osb.
Nokon som lever med dette no? Eg fann kjapt ut at eg trengte ikkje å vere like tilgjengeleg for fb-chatterne som på adium.
Hm? På Adium er du tilgjengeleg i ulike tenester som Google Talk, MSN Messenger, Facebook, etc. Akkurat som Pidgin (for Windows). Om statusen min er grønn og nokon seier “Hei” så spelar det ingen rolle for meg kvar dei kjem frå. Eg plar sei “Hei” i retur, uavhengig om det er på Skype, Wordfeud-chat, Twitter (direktemelding), Yahoo! Chat, Sametime, Yammer eller IRC (opp med handa, dei som hugsar IRC) ;-)