Begrens applikasjonar på Facebook

Kva venene dine kan dele om deg

På Facebook deler vi større eller mindre mengder personleg informsajon. Til dømes namn, førdselsdato, telefonnummer, bilete, mm. Via Innstillingar og Personvern kan du endra kva personopplysingar som vert synleg for andre. Nokon ting får alle sjå, mens andre ting er det berre vener som får sjå.

Når venene dine går amokk i aplikasjonar på Facebook, får aplikasjonane tilgang til dei same opplysingane som venen din har tilgang til. Så om du deler fødselsdatoen din med ein ven, vil venen sine aplikasjonar få tilgang til fødselsdatoen din.

Her kan du begrese dette:

  1. Brukarkonto → Personverninnstillingar
  2. Tilleggsfunksjonar og nettstader
    (eventuellt ‘Applikasjoner og nettsteder’)
  3. Endre ‘Kva venene dine kan dele om deg’
  4. Fjern alle haker og klikk Lagre-knappen
Facebook, Tryggleik, Personvern

Kommentarar


Takk for oppskrift. Dette har gått meg hus forbi.

Eg trur dette er ganske nytt i Facebook. Eg oppdaga det først i dag..

Djises! Eg såg også kva som var tilgjengeleg på applikasjonsinnstillingane. Eg veit eg har vore innom før, og no har berre facebook nullstilt innstillingane mine og opna opp alt for omverda. Eg likar verkeleg ikkje facebook. Eg føler ikkje dei lar meg ha kontroll.

Facebook er ufyselig. Men det er vanskelig å ikke være der. Du henger liksom ikke med ellers. Det er bare det som er så dumt.

Eg har jo til ein viss grad kontroll på mine ting innpå Facebook, men eg slit litt med å ha kontroll over ting andre legg ut. Så lenge dei merkar meg med mitt namn, så oppdagar eg det. Men eg har liten råderett over kven dei deler ting vidare med.

Aplikasjonsproblemet er faktisk ganske stort.
Tenk deg at den lokale puben lagar ein facebook-aplikasjon med info og hendingskalendar. Dei som står bak aplikasjonen (gjerne innehavaren av puben) får då tilgang til all privat informasjon om dei som legg aplikasjonen til på Facebook-sida si. Men dei får også tilgang til personleg informasjon om alle venene deira. Det er jo faktisk ganske ille. Då hadde vi ikkje mykje kontroll lenger, liksom..

Så heldigvis kan vi skru det av, ved å følga tipset i første post (y)

Tusen takk – er gjennomført. Jeg delte alt gjennom applikasjonene jeg også, det visste jeg ikke.

Her er en artikkel til i samme gata, 3 innstillinger på FB alle burde kunne (mottatt på Twitter fra @idaaa)

Jeg tror den retter seg spesielt mot dem som var litt bevisstløse i gjerningsøyeblikket da de godtok FBs standardinnstillinger rundt personvern som de endret for en tid tilbake.