Backupify tar backup av nettlivet ditt

Backupify

Backupify er ei teneste som tar kopi av alle data du legg ut på nettbaserte tenester som Gmail, Twitter, Flickr, osb. Du må sjølv ta stilling til om du vil stola på Backupify. I utgangspunktet skal du aldri leggja konfidensiell informasjon på nett. Epost er til dømes mindre sikkert enn bruk av tradisjonelle postkort.

Det du sender via epost, postar til Flickr eller melder via Twitter er kanskje ikkje så hemmeleg?
Stolar du på at Gmail, Yahoo, Facebook og andre leverandørar får tilgang til informasjonen du legg ut der, så stolar du kanskje på at Backupify også får tilgang til dei same dataene? Eg gjor såfall det.

Eg registrerte meg no, fordi det er gratis før 31.01.2009
Då har eg ein viss sjans til å få gjennoppretta data, om til dømes Facebook skulle koma til å sletta masse som eg ikkje får tilbakeført.

Har du opplevd å mista informasjon du har publisert på nett?
Fortell, fortell…

Backupify, Tryggleik, Reservekopi, Backup

Kommentarar


Ja. Søren og. Eg hadde profil på spymac, men gode bloggtekstar og greier, men kor i all verda har det tatt vegen? Finner også ut at twittermeldingar forsvinn i mengden.

Den her, frå 2004?

Det var kjekt med Spymac, hugsar eg. Kipt at så mykje av det vi gjor der blei vekke…

jau, bortsett frå at eg ikkje kjem inn og klarer å sjå kva eg skreiv for seks år sidan…

Sjå kva eg fann:

Wow!! Du er min eigen backupify, Håkon!! Dette var stor stas. Leser meg opp på gamle blogginnlegg. Jøsses, eg var tidlig ute.

Edit: eller det var jo eg ikkje, og ikkje var det så bra heller. (Trur faktisk eg hadde nokre innlegg som faktisk var bra. Dette var jo bare ungpiketull.)