Microsoft SharedView 1.0 deler skjermen din med andre

Microsoft SharedView

Microsoft SharedView lar deg dela skjermen din med andre via Internett. Programmet er gratis og fungerer fint gjennom brannmur eller ruter. Inntill 15 deltakarar kan sjå det du deler på same tid.

Krav for å kunne dela vekk skjermen sin:

  • Windows XP eller nyare
  • Live ID (F.eks. ein hotmail-, live- eller msn-konto)
  • Breiband

Når programmet er installert og starta opp, ser du ei ny verktøylinje i toppen av skjermen. Frå den loggar du deg inn med hotmail-adressa di (eller Live ID-kontoen din) og startar ein såkalla session. Di får då ei nettadresse med passord som du kan senda til den eller du skal dela skjerm med.

Dei som skal sjå skjermen din blir bedt om å installera det 3,2 MB store programmet på sin Windows-maskin, men dei slepp å ha Live ID-konto. Du må godkjenna kvar klient før dei får bli ein del av gjeldane session. Vidare deler du eit enkelt programvindauga eller heile skjermen når og om du vil. Du kan også stoppa delinga når du vil, samt at du kan kasta ut deltakarane. Lukkar du sesjonen kan ingen kopla seg til maskina di lenger.

Dei ulike deltakarane kan be om å ta styringa og du kan godta eller avslå. Vidare kan du sei kven som til ein kvar tid skal ha styringa frå ein ned-trekksmeny. Både du og dei kan ytra seg skriftleg i ein chat-boks som alle deltakarane ser, samt at både du og dei kan dela enkeltfiler som alle deltakarane kan lasta ned.

Veldig trygt og sikkert, og veldig enkelt og brukarvenleg. Perfekt til nettmøter, fjernstøtte eller demonstrasjonar. Last ned programmet her:

Det einaste eg har funne å utsetja på programmet, er at det du deler vekk (f.eks. eit nettlesarvindauga) må vera oppe på din skjerm for at andre skal kunne skje. Om du får opp ein dialogboks som går over vindauga du deler vekk, vil dei andre sjå eit svart eller grått felt der dialogboksen står. Om du minimerer det delte vindauga, blir det blankt hos dei andre. Men det er såfall sånn det fungerer, og då veit vi det og brukar det sånn..

Microsoft, SharedView, Skjermdeling, Nettmøte