Få liv i ein gammal skannar med VueScan

vuescanVeuScan frå Hamrick Software

Om du har ein gammal skannar, kan det vera vanskeleg å få den til å fungera på nye datamaskiner. Problemet er ofte at produsenten av skannaren ikkje oppdaterer programmvaren (drivarane) når det kjem nye operativsystem (som Windows 7 og Mac OS X).

VueScan er eit program som kan få den gamle skannaren din til å fungera igjen, på nye datamaskiner. Programmet er ikkje gratis, men det fins ein gratis testversjon som kan brukast til å testa om programmet faktisk løyser problemet. Så er det opp til deg om du vil kjøpa full-versjonen eller ikkje.

Eg har tidlegare installert Windows XP i Sun VirtualBox for å få liv i ein gammal skannar. Tungvindt.. VueScan kan absolutt vera eit godt alternativ til å måtte kjøpa ny

Prøv VueScan her:

Windows, Mac, Program, VueScan, VirtualBox, Skannar, Skanner, Scanner, Scan