Fordi Spotify ikkje har all musikk i verda, blir framleis MP3-filer brukt.
I staden for å spela av musikken i store tunge Windows Media Player, kan du bruka foobar2000. Ein bitteliten musikkspelar som er veldig kjapt. Programmet kom i ny versjon for ca. 1 veke sidan, og det ser ut til å fungera stabilt. Difor ei ambefaling:
Eg scroblar musikken eg høyrer til Last.fm
Då får eg oversikt over kva artistar og låtar eg høyrer mest på, samt at eg får tips om musikk eg kanskje likar. Last.fm er rett og slett eit knallbra tilbod til musikkintresserte som likar å vera med å skapa innhald sjølv (som meg!).
For å få foobar2000 til å scrobla musikken til Last.fm treng du anten ein plugin eller så kan du installera Last.fm-klienten og haka av for foobar2000 ved installasjon.
Når eg installerer Last.fm-programmet, plar eg alltid fjerna haka for Windows Media Player. Då slepp eg at TV-seriar eller filmklypp eg ser blir scrobla til Last.fm (y)