Internett er full av skumle ting og programvaren på datamaskinene våre er full av feil og hull. Resultatet kan bli at ein virusmakar kanskje kan infisera datamaskina de, utan at du gjer anna enn å besøka feil nettside. Før du besøker nettsider du er usikker på, kan det vera lurt å sjekka adressa først.
Det fins fleire nettsider som lar deg sjekka om nettadresser ser ut til å vera skumle. Felles for desse er at ingen av dei er 100 %. Nokon rapporterer falske positiver og andre seier at alt er OK sjølv om sida er ein stor virusspredar. Du bør dobbelt og trippeltsjekka sider du ikkje stolar på.
Dei to siste krev at du skriv nettadressa du vil sjekka der det står origo.no
Det er også verdt å merka at nettlesaren Safari har innebygd Google Safe Browsing.
Det fins også ein plugin for Firefox.
Tilleggstips 1:
Det fins utvidingar til nettlesarar som sjekkar alle søketreffa i google-søka dine. Ein sånn får du med, når du installerer gratisutgåva av AVG antivirus. Du kan også installera Finjan SecureBrowsing.
Tilleggstips 2:
Send nedlasta filer til virustotal.com før du opnar eller køyrer dei.
Kommentarar
Google Chrome har også innebygget Safe Browsing (Kilde: http://www.google.com/support/chrome/bin/answer.py?hl=en&answer=99020)
Har i noen tilfeller blitt stoppet fra å gå inn på nettsider av Google Chrome med melding (akkompagnert med rød bakgrunn for ekstra dramatikk) om at det har vært muffens (muffins?) der om jeg trykket meg videre inn, nemlig.
Eksempel på beskjed fra Chrome: