
Hemo sin teknisk-blogg starta i september 2004. Den gong akreiv eg om den komande førsteutgåva av Firefox og eit program som kunne visa harddiskaktivitet på skjermen. Nostalgien fins her
Teknisk-bloggen på Blogspot fekk totalt 36 innlegg og levde i ca. 1 år.
I september 2005 flytta teknisk-bloggen til blogs.no der bloggen framleis lev vidare. På litt over to år har det blitt posta over 280 innlegg.
Om teknisk-bloggen vert flytta til Origo, veit eg enno ikkje. Først må eg testa ut korleis bloggfunksjonen på Origo fungerer i praksis, og det finn eg ut no. Kjekt!
Kommentarar
Og korleis syns du origo funkar i praksis?