Få Google Latitude inn på iGoogle

Problem med Google Latitude på iGoogle

I den nyaste utgåva av Google Maps for mobiltelefonar har vi fått støtte for å sjå lokasjonen til venene våre. Løysinga vert kalla Latitude og er omtalt her:

Når ein likevel sit framfor datamaskina, kan det vera greit å kunna sjå Latitude på PC-skjermen i staden for på mobilen.

Dette skjer via startsida til Google: iGoogle
Klikk “Add Latitude to iGoogle” nede til høgre på Google Latitude-sida.
Førebels er ikkje dette omsett til norsk, så vi får meldinga "The Latitude iGoogle gadget is not currently available for your location :( "
Løysinga er likevel enkel:

  • Klikk ned menyen for iGoogle-fana som Latitude står
  • Klikk Rediger denne fanen
  • Endre språk til Engelsk (US) og lagre

Då får du opp noko som liknar på det her:

Google, Maps, iGoogle, Latitude

Kommentarar


Kult. Då er eg pålogga på Latituden.