
Har du ei fil i feil format?
På nettet fins det web-tenester som kan konvertera filene for deg, heilt gratis.
Den tenesta eg har brukt mest heiter Zamzar som kan konvertera opp til 100 MB store filer. Du får epost når systemet har konvertert fila ferdig med lenke/peikar for nedlasting av den ferdigkonverterte fila. For å unngå uønska reklame, brukar eg alltid ei epostadressa som berre vert nytta til den her type ting. Då slepp eg å røpa den eigentlege adressa mi.
Ei anna teneste som eg no har starta å testa heiter Media Convert. Der får du konvertert opptil 150 MB store filer, heilt gratis. Enkelte film-format kan vera vanskeleg for Media Convert å finna ut kva kodek som trengs ved konvertering. Då er det greit å kunne sjekka dette på førehand, og fortelja Media Convert nøyaktiv kva kodek som trengs.
GSpot er eit Windows-program (ingen installasjon, berre dobbelklikk på .exe-fila) som kan sjå kva kodek som er brukt i film-filer. Start programmet og dra film-fila innpå GSpot.