Apple sin iTunes gjer det enkelt for folk å hansama musikksamlinga si. Problemet med iTunes er at det er stort og tungt, samt at du låser deg ganske hardt mot Apple. Her er eit ope alternativ som bør frista mange:
Programmet er heilt gratis og er tilgjengeleg for Windows (XP/Vista), Mac OS X og Linux.
Prosjektet er støtta av Mozilla og passar supert for deg som alt har teke i bruk godsaker som Firefox og Miro.
Bli fri – bruk open kjeldekode!
Kommentarar
Er det eit fullverdig alternativ til iTunes? Eg bruke no i dag iTunes berre til 2 ting, nedlasting av podcast og synkronisering av iPoden min, kan songbird detta?
Songbird har støtte for podcast og iPod, ja.
Ei lista over iPod-modellar som er støtta, fins her.
PS! Til og med gode gamle WinAmp har fått støtte for synkronisering til iPod, så det er ikkje akkurat “rocket science” lenger.. ;-)
Ja dette må nok prøvast ut, iTunes er jo ikkje eit program som er særlig digg.
Her er Dagbladet sin artikkel om Songbird
Eg har mykje meir bruk for ein hyggeleg spelar som taklar mange slags filer – også dei som ikkje er låst til epleprodukt. Dessutan likar eg lite at itunes er så tungt, så dette tipset er gull verdt! Eg testar det ut!